Hellebø, Maria Natvik (2018):

Flyttesjau i innvandrings- og integreringsfeltet Endringar i politikk og forvalting frå 2013

Bergen, UiB, Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitenskap, masteroppgave

Publikasjonstype:

Hovud-/magister-/masteroppgåve

Fulltekst:

http://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/17882/MASTEROPPGA-VA-.pdf

Omtale:

http://hdl.handle.net/1956/17882

Antall sider:

143

Publiseringsspråk:

Norsk

Land publikasjonen kommer fra:

Norge

NSD-referanse:

3386

Disse opplysningene er sist endret:

17/3 2020

Spesifikke virksomheter publikasjonen omhandler:

Sammendrag:

I desember 2015 omorganiserte Solberg-regjeringa innvandrings- og integreringsfeltet. Integreringsavdelinga vart flytta til Justis- og beredskapsdepartementet og det mest innvandringskritiske partiet på Stortinget, Framstegspartiet, fekk statsrådsposten for innvandring og integrering. Venstre har stilt seg særleg kritisk til Framstegspartiet si rolle i dette feltet. Med Venstre sin inngang i regjeringa i januar 2018, vart integreringsavdelinga fjerna frå Framstegspartiet sin kontroll og flytta inn i Kunnskapsdepartementet. Denne masteroppgåva undersøkjer korleis større regimeendringar kan opna opp for særskilde endringar i forvaltinga. Studien undersøkjer om Framstegspartiet sin auka kontroll på dette feltet endra forholdet mellom den politiske styringa og fagorgana. Dette blir studert med utgangspunkt i statsråden si tredimensjonale rolle som skal balansera rettsideala, fagleg korrekte løysingar og eigne politiske standpunkt. Datagrunnlaget er rapportar om forvaltinga, stortingsdokument, regjeringsdokument, partiprogram, medieoppslag og statistikk frå forvaltingsdatabasen til NSD. Analysen syner at endringane i forvaltinga kan bli forstått som eit resultat av tautrekkingar i regjeringsforhandlingane. Flyttinga av integreringsavdelinga til JD i 2015 syner klare likskapstrekk med Framstegspartiet sin politikk. Venstre sin påverknad for å fjerna integreringsavdelinga frå Framstegspartiet i 2018 er også tydeleg. Studien syner at for å forstå endringar i forvalting og politikk er det avgjerande å undersøkja politiske intensjonar på feltet.