Bufetat - Region vest

Denne siden og de ulike fanene under viser informasjon om denne enheten og data tilknyttet denne enheten fra Forvaltningsdatabasen. Forvaltningsdatabasen er en grundig og detaljert kartlegging av organisering og endring av den norske statsforvaltningen fra 1947 - d.d. Fanen "Lenker" inneholder eventuelle lenker til eksterne ressurser.

Denne siden viser endringshistorien til denne enheten.

01.01.2004 Ny via omorganisering

Navn: SBF Region Vest
Kort navn: SBF Region Vest
Tilknytningsform: Andre ordinære forvaltningsorgan
Administrativt nivå: Høyeste nivå
COFOG: 10 Sosial beskyttelse
Tilhører gruppe : SBF - regionkontor
Type enhet: Enhet som inngår i etat eller gruppe
Lokalisering: 1201 Bergen
Saksgang og dokumenter for denne endringen:
Relaterte enheter:

Regjeringen fikk i februar 2003 tilslutning til forslaget om statlig overtakelse av fylkeskommunens oppgaver på barnevern- og familievernområdet (jf. Ot.prp.nr.9 2002-2003). Oslo skal imidlertid fortsatt ha ansvar for de fylkeskommunale oppgavene innen barnevernet. På barnevernområdet omfatter de overførte oppgavene først og fremst ansvaret for etablering og drift av barneverninstitusjoner og for rekruttering og formidling av fosterhjem. På familievernområdet gjelder det ansvaret for å sørge for at familieverntjenesten finnes i fylket. Det opprettes samtidig et Statens barnevern og familievern (SBF) inndelt i fem regioner med til sammen 26 fagteam og med en sentral overordnet etatsledelse underlagt BFD. Det innføres også en ny godkjenningsforskrift for private barneverninstitusjoner. Målet med reformen er å sikre et likeverdig og kvalitativt godt barneverntilbud uavhengig av geografisk plassering, samtidig som ressursene utnyttes effektivt.
Kilde: St.meld.nr.1 2003-2004 Nasjonalbudsjettet 2004

Statens barnevern og familievern bygger ut ordningen med mottaks- og konsultasjonsteam og opprettet til sammen 26 fagteam for barnevernet.
Fagteamene skal arbeide nær kommunene og være kommunenes kontakt til det statlige barnevernet. Fagteamene er tverrfaglig sammensatt med barnevernsfaglig, psykologisk og pedagogisk kompetanse. Fagteamene skal arbeide med inntak til statlige barnevernstiltak, kjøp av plasser fra private aktører, finne lokale løsninger i samarbeid med kommunene, bistå kommunene i plasseringssaker utenfor hjemmet, faglig bistand i vanskelige barnevernssaker samt bistå små kommuner ved å foreta begrensede utredningsoppgaver i kompliserte saker.
Nettsted: www.sbf.stat.no

++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

Om Barnevernreformen
(Kilde: Difi rapport 2014:1 Erfaringar frå endringsprosessar generelt, og involvering av brukarar og tilsette spesielt)
Forvaltingsreformen i barnevernet var resultatet av ein prosess som starta i 1999, då regjeringa «Bondevik I» utpeikte eit offentleg utval med mandat å kartleggje sentrale område i barnevernet, og å utvikle tiltak som kunne vere med å styrke tenestene som blir gjeve. Utvalet, som vart leia av Edvard Befring, la i mai 2000 fram innstillinga si (1). Utgreiinga inneheldt ikkje konkrete framlegg til endring i struktur eller ansvarsfordeling, men danna grunnlaget for Barne- og familiedepartementet (BFD) sine handlingar i åra fram mot reformen.

I 2002 sendte BFD ut eit høyringsnotat til nærare 500 høyringsinstansar, der dei presenterte fire alternative modellar til framtidig organisering av oppgåvene til fylkeskommunen på barnevernområdet. I stortingsmeldinga (2) la departementet fram ei samla vurdering av barnevernstenestene i Noreg, og presenterte syna frå høyringsinstansane på dei fire modellane. Her kjem det fram at fleirtalet av høyringsinstansane var positive til ei statleg overtaking av dei fylkeskommunale oppgåvene.

Hausten 2002 la Regjeringa fram ein proposisjon (3), med framlegg om statleg overtaking av dei fylkeskommunale oppgåvene innanfor barnevernet, med unnatak for barnevernstenesta i Oslo. I proposisjonen vart det gjort greie for utfordringar og svake sider ved det fylkeskommunale barnevernet som grunngjeving for statleg overtaking. Dei viktigaste forholda var varierande kvalitet på tenestene mellom fylka, mangelfull kontroll av tilboda, kraftig utgiftsauke over tid og at etableringa av helseføretaka skapte samarbeidsproblem mellom barne- og ungdomspsykiatrien og barnevernet i fylka. Regjeringa la til grunn at ein best kunne løyse utfordringane ved å etablere ein sentral statleg instans som hadde eit overordna ansvar for å samordne og styrke tilboda.

Måla for reformen slik dei kjem fram i proposisjonen var:
- Sikre ei betre fagleg og økonomisk styring av barnevernet
- Sikre likeverdige tilbod i heile landet til barn og unge som treng barneverntenester
- Utvikle eit betre samarbeid og betre tenester til kommunane
- Sikre god kvalitet i alle ledda innan barnevernet
- Bidra aktivt til at det skjer ei fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet i barnevernet
- Bidra til betre samarbeid med tilgrensa tenester

Stortinget vedtok framlegget til ny organisering våren 2003.

Statens barnevern og familievern (SBF) vart vedteke oppretta frå 1.1.2004. Leiar for denne verksemda kom på plass i desember 2003. Parallelt med SBF eksisterte framleis Barne- ungdoms- og familieforvaltinga (BUFA) som vart oppretta i juni 2002. Begge desse verksemdene vart lagt under same leiing. Meininga var at desse to verksemdene skulle eksistere parallelt 1 år og så bli slegne saman. Men BFD og leiar av verksemdene såg at ein trong å slå dei saman raskare. Dermed vart SBF og BUFA slegne saman til eit nytt direktorat 1.7.2004. Direktoratet vart heitande Barne- ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir).

I tillegg til Bufdir vart det etablert 5 regionar (regionale barnevernsstyresmakter) med ansvar mellom anna for å utikle og drifte tilboda. Bufdir og regionane utgjer til saman Bufetat.

Det vart oppretta 26 fagteam underlagt dei 5 regionane. Fagteama skulle arbeide nær kommunane og vere dei kommunale kontaktane til det statlege barnevernet. Fagteama skulle vere tverrfagleg samansette med barnevernfagleg, psykologisk og pedagogisk kompetanse. Fagteama skulle arbeide med inntak til statlege barnevernstiltak, kjøp av plassar frå private aktørar og finne lokale løysingar i samarbeid med kommunane. Dei skulle også hjelpe kommunane i plasseringssaker utanfor heimen, fagleg hjelp i vanskelege barnevernssaker samt hjelpe små kommunar med å gjere avgrensa utgreiingsoppgåver i kompliserte saker. Det vart også innført ei ny godkjenningsforskrift for private barnevernsinstitusjonar. Alt dette hadde som føremål å sikre eit likeverdig og kvalitativt godt barneverntilbod uavhengig av geografisk plassering.


(1) NOU 2000:12 Barnevernet i Norge – tilstandsvurderinger, nye perspektiver og forslag til reformer.
(2) St.meld. nr. 40 (2001-2002) Om barne- og ungdomsvernet.
(3) Ot.prp. nr. 9 (2002-2003) Om lov om endringer i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernloven) og lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer (familievernkontorloven) m.v.

01.07.2004 Navneendring

Navn: Bufetat - Region vest
Kort navn: Bufetat - Region vest

Under regionkontorene ligger også

Fagteamene,
barne- og ungdomsinstitusjoner,
fosterhjemstjenesten,
nærmiljøbaserte tiltak og
familievernkontor

Merk

* = Dato merket med asterisk (*), betyr at tidspunkt ikke er bekreftet.