Færrast unge tolererer hån av religion
Elevar i vidaregåande er mindre tilbøyelege til å tole hån av religion enn folk i Noreg samla sett.
Det viser den ferske skulevalundersøkinga, som vart gjennomført av NSD i samband med årets skuleval. Elevar i vidaregåande skule og eit representativt utval vaksne, har kvar for seg delteke i undersøkingane. Dei er mellom anna blitt spurt om «ytringar som hånar religion bør tolererast» – og om «rasistiske ytringar bør tolererast».
Blant elevane svarar 24 prosent at dei enten er einige eller nokså einige i at ein bør tole ytringar som hånar religion. Blant dei vaksne stiller 30 prosent seg bak utsegna. Med andre ord ser dei vaksne ut til i større grad å akseptere slike ytringar.
Rasistiske ytringar
Skilnadene mellom folket og elevane er mindre i spørsmålet om rasistiske ytringar. Samstundes er det tydeleg langt mindre aksept for rasistiske ytringar enn det er for ytringar som hånar religion i begge grupper. Blant dei unge er 17 prosent einig eller nokså einig i at rasistiske ytringar må tolast, talet for den andre gruppa er 16 prosent.
Haldningane varierer i takt med partipreferansane. Både blant elevar og dei vaksne er KrF-sympatisørar i minst grad einig i at hån mot religion kan tolererast. I begge grupper er FrP-sympatisørar i størst grad einig i utsegna.
30 000 elevar
30 787 elevar frå 139 skular svarte på spørsmåla i skulvalundersøkinga. Den nasjonale meiningsmålinga vart gjennomført av Sentio samstundes med skulevalet i eit representativt utval på 1000 personar. Dei to undersøkingane er blitt gjennomført i samband med alle skuleval sidan 1989. Skulevala blir arrangert av NSD på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Kontaktperson NSD: Atle Jåstad
Telefon: 55 58 89 18
E-post: atle.jastad@nsd.no
Andre artikler
- 15/02/19 Utvikling av en europeisk skytjeneste for forskningsdata
- 18/01/19 PERSONVERN: Nytt Meldingsarkiv med protokoll
- 30/11/18 Ny mønsteravtale for personverntjenester i forskning
- 18/10/18 DBH har fått API
- 22/09/18 Ny teknologi fra NSD og SSB gir lettere tilgang til registerdata
- 26/06/18 Vigdis Kvalheim blir ny direktør
- 08/06/18 GDPR: Nytt meldeskjema for behandling av personopplysninger klart når loven trer i kraft
- 14/07/18 Nye personvernløsninger fra NSD hjelper forskningen med å etterleve personvernforordningen
- 19/04/18 Hva betyr GDPR for forskere?
- 02/05/18 NSD sertifisert som "Trusted Digital Repository"
- 16/04/18 Vitenskapelig publisering i 2017. Tallene er klare.
- 24/01/18 Nye personvernregler - hva gjør NSD?
- 18/01/18 Guide til datahåndtering
- 15/12/17 NSDnytt Nr 2 - 2017
- 31/10/17 Forslag til ny personvernlov - høringsuttalelse fra NSD
- 24/10/17 NSD lanserer nettbasert datahåndteringsplan
- 27/09/17 NSD-teknologi gjør det enklere å forske på registerdata
- 05/09/17 Arbeiderpartiet og Høyre tilbake i skolevalget, SV mest frem
- 22/08/17 Rekordpåmelding til Skuleval
- 02/05/17 Hva trenger brukerne?
- 06/04/17 NSDNytt: Opning for nordisk forsking
- 13/02/17 NSD i spissen for ny skytjeneste
- 09/02/17 CESSDA får ny direktør
- 24/01/17 ESS rundar hundre tusen
- 13/01/17 Ny tjeneste for deponering av data hos NSD
- 19/12/16 Skuleval styrkar demokratiet
- 16/11/16 Fleire meiner familie går utover jobb
- 31/10/16 Færre arbeider berre for pengane
- 20/10/16 – ESS er forskningens gullgruve
- 04/10/16 NSD tester ny søkeportal
- 20/09/16 Finn tall for fagbibliotekene
- 14/06/16 NSDnytt på nytt
- 01/06/16 Frå Babylon til Google
- 26/05/16 Publiserer forskningsdata fra 21 land
- 24/05/16 Webinar: new EU data protection regulations
- 15/03/16 – Stort steg for forskingsdata
- 01/03/16 EUs nye personvernlov gir kontinuitet
- 01/03/16 NSD har fått nytt navn
- 22/01/16 Røyker minst – puster tyngst
- 21/12/15 Finnar trimmar mest
- 14/12/15 Nordmenn på allergitoppen
- 24/11/15 Oslo mest oljekritisk
- 19/11/15 Færrast unge tolererer hån av religion
- 13/11/15 Kultur minst viktig for unge
- 20/10/15 Data er til for å deles!
- 13/10/15 Sju av ti stolar på kvarandre
- 30/09/15 Har fått mer tro på politikerne
- 25/09/15 Sør-Afrika vil ha norsk register
- 21/09/15 Satsar stort på samfunnsforsking
- 16/09/15 – Skulevalet er gullgruve for undervisning
Kontakt
Atle Jåstad
Telefon: 55 58 89 18
atle.jastad@nsd.no